Låg og sov i feiarbil
VÅGSØY: Klokka 02.45 natt til søndag fekk politiet melding om at ein mann låg og sov i ein feiarbil ved brannstasjonen i Måløy. Politipatruljen kom til staden etter eit par minutt, og då hadde han vakna og byrja å gå. Det ser ikkje ut til at mannen har brote seg inn i bilen; den har truleg stått open. Saka får ifølgje politiets operasjonssentral ikkje etterspel om ikkje kommunen vel å melde forholdet.
Fylkesavisa Firda kjenner ikkje til namnet på gjerningsmannen, men sikre kjelder rapporterer at brotsmannen løyste einvegsbillett med rutebilen til Deknjepollen etter ugjerninga.
Fylkesavisa Firda kjenner ikkje til namnet på gjerningsmannen, men sikre kjelder rapporterer at brotsmannen løyste einvegsbillett med rutebilen til Deknjepollen etter ugjerninga.
0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home