søndag, mars 18, 2007

Taxifrakkjen vil ha sexdrosjer i Førde

Taxifrakkjen ynskjer å utvide drifta med sexdrosjebilar. Han vil starte skysstasjon sentralt i Førde, og meiner han kan få meir flyt i aksen Førde-Bringeland-Høyanger.

Satsar tverrkommunalt
Taxifrakkjen har i dag omlag 3o bilar med stort og smått. No vil han utvide med sexdrosjebilar stasjonert i Førde.

- Eg vil satse på å nå Førde, Gaular, Høyanger og Balestrand med bilane mine. Bringeland og Deknepolljen er sjølvsagt ein del av den nye satsinga, seier Frakkjen.

Han seier at slik stoda er i Førde i dag, med ventetid på opp til tre timar i helgane, så er det ikkje tvil om at det er behov for nye løyver.

- Målet vårt er å gje eit tilbod til folk som ønskjer sexdrosje. Og å gje tilbodet når det er trong for det, der og då, umiddelbar tilfredstillelse, tilføyer Frakkjen.

Klar så snart han får løyve
Frakkjen har stor tru på at han får dei nye løyva, slik behovet i Førde er.

- Eg er klar til å starte på dagen når eg får løyva. Og det har eg tru på at eg får. Eg har bilar, sjåførar, timelister, og lang røynsle i næringa, gliser Frakkjen.

Han legg til at med ein skysstasjon i Førde vil han kunne nytte både sjåførar og bilar på ein endå betre måte enn i dag.

Dagleg leiar i Førde Taxi, Kukfanten Smakago, ynskjer onsdag ettermiddag ikkje å kommentere Taxifrakkjen sitt varsla inntog i sexdrosjenæringa i Førde.

Ein nærgåande fjording kommenterte derimot velvilleg:
- Ein lyte utvide her i Sunnfjord! Da e pikatre ikkje råd å kome inn i!

(Foto: Kara med makt)