fredag, april 13, 2007

VÊRMAKT















Våren i ermet

- Dei steig i land her framme, voldsomt tidleg på morgonen. Eg huksar eg laut gni meg i augene, då eg knapt trudde at det var mogleg å ha vorten slåst so brått på morgonkvisten.

Skildheimen fortel levande korleis det var då han mottok vêrmakta tidleg på 40-talet.

- Nede på kontinentet hadde ho alt rådd lenge.

Prustande tek han til å meddele Sikrings utsende dei ferskaste meldingane:

- Eg vil ikkje rå nokon til å setje ut sommarblomar før etter 17. mai i år.

Vidare utover forsommaren seier han at det ser litt usikkert ut.

- Det er mange teikn eg ser etter, og så langt veg dei kvarandre opp når det gjeld juni månad. Men eg ser at vi får vestamåne i byrjinga av juni. Det betyr vanlegvis regn og vind, men det kan komme varme likevel. Det er også eit dårleg teikn at sommarsolverv kjem om kvelden 21. juni, slik at sola snur når ho går ned i vest.

Ei lerke set i å synge, og vêrfar sjølv tek opp seljefløyta og stemmer i. Sikring hadde i spesialoppdrag og spørje Skildheimen om klimastoda, og fekk følgande svar:

- Eg trur nok at forureining påverkar litt, men har også tru på at naturen ordnar opp. Variasjonar har det alltid vore. I 1185 var det så mildt om vinteren at trea blomstra i januar. I 1218 var det også eit svært varmt år. Då bar trea frukt to gonger, og fuglane la egg to gonger, avsluttar Skildheim.

Vêrtalsmannen

(foto: spesialarkivet)