fredag, mai 02, 2008

Biltjuveri i Førde


Ein kvit Mazda 626, 1988 modell, blei stolen frå Halbrendsøyra i går. Politiet satte inn helikopter i søket etter gjerningsmennene. Det blei også lagt ut spikarmatter på alle utfartsårene frå fylkessenteret. Politiets eigne skarpskyttarar deltok også i operasjonen, som operativ leiar, Rikardar Dadason, karakteriserer som farleg, men kontrollert. Politiet fann forbrytarane kort tid etter at ugjerninga fann stad. Tjuvraddane hadde då parkert på Skei og lagt på sprang til skogs. Politiet tok opp jakta og løsna fleire skot med automatgevær. Det blei også nytta flammekastarar. Polititjenestemennene blei heile tida dekka av helikopteret som sirkla over andleta deira og rapporterte attende via moderande radioteknologi. Politiet fann til slutt bandittane og knuste kneskålene deira med batongar. Når ein er politi i eit fylkessenter og i ein storby som Førde, lyt ein rekne med å havne i slike episodar frå tid til anna, seier Dadason, som legg til at kriminaliteten i Førde stadig blir hardare.