Ein moderne ninja

Ashida Kim lever av å slåss og lage elektronisk musikk.
I ei årrekke har Kim laga musikken til diverse dataspel, som The Last Ninja, The Ultimate Ninja, Ninjaforrest, for å nemne nokre.
På spørsmål om kva ein så opptatt mann bedriv på fritida, fekk vi følgande svar:
- Stort sett brukar eg dagane i skogen. Eg tek med meg eit rack-anlegg som eg har lodda om til å gå på batteri. 7 store batteri, som i dei største mag-light'ane. Så har eg sydd ein liten camo-frakkje til anlegget. Bakgrunnsmusikken er tvingande nødvendig for at eg skal kunne leve meg inn i rolla.
Ninjakim demonstrerer, og på forbausande vis ser anlegget ut som ei spelande blåbærtue.
- Livet er eit dataspel! Og på mange måtar handlar det berre om å kome seg til neste brett! avsluttar den entusiastiske snikmordaren.
Last ned Secrets of The Ninja her.
0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home