søndag, mars 18, 2007

Lillejord Bruk forsvunde frå Deknepollen!


Siste nytt i forsvinningssaken om Lillejord Bruk i Deknepollen er at eit ondt skjell har forminska og svelgt heile anlegget.
Politiet jobbar intenst med informasjonssanking rundt det brennheite mysteriet rundt det vekkomne gardsbruket.
Tvilen rådar hos mange, men det verkar likevel for å være den rimelegaste løysinga at dette ondsinna skjellet skal ha forbarma seg over ovennevnte bedrift.
Fleire busslaster med tyske turistar har inntatt området og mange hevdar å oppleve ein sjeldan ro akkurat i det området der gardsbruket tidlegare stod oppført.
- For oss er dette eit teikn frå Gud, eit slags midlertidig tempel. Uttrykker Gerhard Klein ydmykt.
- Ingen av oss har nokon gong vore borti liknande. Det einaste som kan ha vore i nærleiken må ha vore då Tsjernobyl gjekk i grisen. Tilføyer storbonden.