
I krysset Fjellvegen-Langebruvegen er det no målt trafikktettleik på nivå med Bergen. Det korkar seg til stadigheit og det er vanskeleg å kome seg fram. Folk er oppgitt og krev utbetring av flaskehalsen på europavegen. Ei kvinne fortel til Firda at ho blei ståande og vente i fleire minutt for å kunne svinge til venstre i førre veke. Også på parkeringsfronten er det problem om dagen. Folk rapporterer at dei ikkje får parkere utanfor butikkane når dei skal handle. Ein irritert kunde fortel at han måtte heilt bort til drosjesentralen for å få parkert, då han skulle inn på Magne Aase for å sjå etter ei vakuumpumpe til penis. Samferdselspolitisk talsmann i Førde, Ansgard Henjum, fortel at dei vil sjå på tilstandane, men understrekar at trafikkproblem høyrer storbyen til. Med den enorme veksten Førde har hatt dei siste åra – opp mot 20 nye personar i året – må vi berre erkjenne at vi ikkje er ei bygd lenger, avsluttar han.
0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home