torsdag, mars 29, 2007

Orginalen og kopien IX














Orginalen og kopien VIII













Orginalen og kopien VII

Gamalt bilete av Mannen i Nice

Ryktene seier at denne mannen brukar dekknamn som Rune og Rutger. Målar av yrke og sjåfør av rang, visstnok.

Fotografert i Nice...

- Kven er dette?

Offeret...

Forfattaren Andreas Haukland som fikk juling av Edvard Munch, på Café Bernina i København.

Sjølvportrett av August Strindberg

- Kara!!

- Ditta ska' i bilen!


- Eg og ovnen har same hår!!

Målar Munch på Grimsø.

Edvard med hatt!

Munch hadde det iblant moro med å hente fram flosshatten sin, her i hagen på Ekely.

søndag, mars 25, 2007

EIGE VILLAKONSEPT!














Eigedomsmagnat frå Sunnfjord får ferdighus oppkalt etter seg.

Trykk på biletet over for å lese meir.

lørdag, mars 24, 2007

VERNEVERDIGE ARKETYPAR!


















Neger med skakt slyps og generalsekretær med leiken slufse på UNESCOS verdsarvliste.

- Vi skal til Kongo.

Det var alt Sikring fekk skrive ned før samtalen vart broten.


Karane

MANN GIR SEG UT FOR Å VERE POLITI!













Ein bonde på Gudvangen melde seg sjølv til politiet då han oppdaga at han sjølv gav seg ut for å vere lokal politimann.


- Det var tid for sjølvransaking, fortel den angrande syndaren på telefon med Sikring.

Mannen køyrde rundt i ein amerikansk van, med blinkande blått og gult lys på taket. Han tok kontakt med folk, og forhøyrde seg om kva dei hadde føre.

- Eg kjende at eg var nøydd å bry meg, og so huska eg ikkje i farten om det var blått eller gult lys som var det beste, så eg tok begge deler, eg hadde da no liggande. Ei god gamal heilgardering.

Skål kara!

Polititalsmann
Karane

SÅG RAUDT!




















Sikring har motteke tips om påtvungne dommaravgjersler i Førde sentrum i løpet av laurdag kveld.

Denne mannen vart observert delande ut raude og gule kort til ei rekke personar utanfor Førde Kroa tidlegare i kveld. Fleire vitner melder om eit kvitt ureint beist sirkulerande rundt i Storehagen i ein bruktimportert mørk Passat, slevande ut ruta til velkjende rytmar av Tom Jones (red.anm. Burning Down the House).

Politiet seier dei ikkje har ressursar i kampen mot dommarkreftene, men vil halde dørene åpne...

Ingen kom til skade, og dei fleste var i stand til å ta vare på seg sjølv.

Helgetalsmann
Karane

Tenåring med makt!

- 1.000 mål ditta! Lyte byggje hytte dar. So jævvligt me' hytte! Femhondrimilliona ska' da koste!

Investoren, Kim (19), seier det er vanskelig å seie kor mykje han betalte for tomta. Han har tent pengane sine gjennom verksemder i USA og England (og Stavanger), meir spesifikt eigendom, mekling og laaange lønsja (og mercedeskøyring).

I fjor figurerte han i fleire finansaviser etter ueinighet om vederlag etter at han skaffa eit lån til broren.

Korrekte karar!












- Overgriperne er enkeltmenn, men voldtekt er et samfunnsproblem. Og vi menn må ta samfunnsansvar.

---

- Vi vil bygge opp dette som et nettverk av enkeltstående menn, karer som vil gjøre en innsats. Vi har utarbeidet en erklæring som alle interesserte kan undertegne, uansett om man er statsminister, politimann eller lærer, altså uavhengig av jobbtilknytning, sier en av initiativtagerne.

---

- Vi har et unikt innblikk i vår egen mannskultur, og nå må vi offensivt møte overskriftene, sier initiativtagerne til "Menn mot voldtekt".

---

Heilt sånn enkelt argumentert. La oss føre kampen med feite typar; bokstav mot bokstav.

Karar med innblikk liksom!

-> Pappa mot porno
-> Menn mot voldtekt

Kva blir det neste?

Mamma mot moms?
Revisorar mot rock?
Menn mot kvinner?
Kvinner mot barn?
Eg mot deg?
Liv mot død?
TIT TOT TØT?

Sakstalsmenn/Tatttatttatt
Karane

Tutta i tet!












T-språket brer om seg. Grunna sin lette struktur har sportskommentatorar verda over adoptert dette sinnrike systemet, og gjort det til sitt eige. Tross alt er det engasjementet som tel.

(T-tttåtet ttet ot tet. Ttutta tit tette tttuttut tat ttottttottettatotat tetta otet atottett tette titttite tyttetet, ot ttott tet tit titt eite. Ttott att et tet ettattetettet tot tet.)

fredag, mars 23, 2007

Reklamekarane med makt!










– Dette er strategisk med tanke på vår marknadsføring, seier dagleg leiar i avishuset.

Kloke ord, nitidig bygd på strevsam erfaring, tenkte Sikring før han låg å spydde av at han vart slåst.

EG LYTE HA MEG EI BRUS!!




Finnes det eit produkt som berøver eit menneske for like mykje verdighet og eleganse, og ikkje minst truverdighet, som ei halvlitersflaske brus?
Det kan sjølvsagt vere ein illusjon, men det verkar svært lite sannsynleg.
Rødbrus i stetteglas, enn kor saligt eller usaligt, er jo endelaust mykje meir stilfult enn å ha befatning med flaska. Slike plastflasker er jo ubegripeleg lite sjarmerande, og må kunne reknast som eit av dei mest tarvelege oppgulp menneskeheten har drøvtygd på, solångt...
...det vert åpenbart langt betre når ein har mjelka ei tobarnsmor og medbringer kviterussarar fanga på flaske!
Boatdrinks!!

mandag, mars 19, 2007

Skeptisk til småfuglar

Våren 2007 kan bli ein kald affære, melder Skildheimen.
- Eg er spesielt skeptisk til at småfuglane har kome tidleg nordover i år.
Fuglar og dyr, blomar og bær, talar med Skildheimen sjølv. Brått pip det i telefonen. Bursdagsinvitasjon frå eit rognebærtre.
- Da kan verte ein nokonlunde bra april i år. Men eg e stygt redde fø eit tilbakeslag i mai.
Skildheimen myser mot førmiddagessola, og mumlar noko om innkonsekvente kråkekukar, før han bryt ut i latter.
- Ja, veit du, da e no so jævvli toskje me alt ditta klimasnakkje'. Ditta kjem og går, nett so da ve. Nett so da ve, høyre du?! Eg ska' førtellje deg da at i 1883, her på Røyrvik, i januar, dyrka vi fiken. Dar so du står no, rett opp og ne', dar dyrka vi fiken.

Ein moderne ninja

Med ein viss barnleg stolhet kan Sikring melde om at den moderne ninja eksisterar.

Ashida Kim lever av å slåss og lage elektronisk musikk.

I ei årrekke har Kim laga musikken til diverse dataspel, som The Last Ninja, The Ultimate Ninja, Ninjaforrest, for å nemne nokre.

På spørsmål om kva ein så opptatt mann bedriv på fritida, fekk vi følgande svar:

- Stort sett brukar eg dagane i skogen. Eg tek med meg eit rack-anlegg som eg har lodda om til å gå på batteri. 7 store batteri, som i dei største mag-light'ane. Så har eg sydd ein liten camo-frakkje til anlegget. Bakgrunnsmusikken er tvingande nødvendig for at eg skal kunne leve meg inn i rolla.

Ninjakim demonstrerer, og på forbausande vis ser anlegget ut som ei spelande blåbærtue.

- Livet er eit dataspel! Og på mange måtar handlar det berre om å kome seg til neste brett! avsluttar den entusiastiske snikmordaren.

Last ned Secrets of The Ninja her.

To hjortar påkøyrde

I 18-tida søndag kveld small det på Haugane ved Bjørhovde i Eid.

– Meldar fortel at hjorten ikkje hadde fått skader og opplyste at den sprang frå staden. Bilen fekk bulka panseret, opplyser politiet sin operasjonsleiar.

Måndag morgon small det på nytt, denne gongen på E39 ved Torvund aust for Lavik.

– Dyret reiste seg, gjekk vidare, og verka uskadd, opplyser politiet.
Heller ikkje bilen fekk dei store skadane, med eit knust blinklys einaste synlege teikn på samanstøyten som vart meldt klokka 06.21.

Dei lokale viltnemndene er varsla i begge tilfella.

Slåstkamp i Storehagen

Fleire personar var involvert i ein slåstkamp i Storehagen i Førde natt til søndag. Politet fekk melding om oppgjeret like før klokka halv tre, og då patruljen kom fram hadde kamphanane roa seg.

Det er uklart om nokon av partane vil melde hendinga.

søndag, mars 18, 2007

Ord blir fattige........


Maktmønster



Denne gamle konsulenten med makt har med overlegg iført seg eit paralyserande mønster, rett og slett for å manipulere alle karane med makt.

"Makt er makt." - Kaka

Pikken i nøtta, pikken i nøtta!

- Mr. Serpico? Det ser faktisk ut for at du har pikken i nøtta.

Kunnskap og makt


Makt er ikkje nødvendigvis forkledd i hatt og slyps.

Derimot gir hatt og slyps automatisk makt.

Djupvik'en kjenner triksa.

Boatdrinks!

Utydelege maktstrukturar, kanskje, men...



























































...ingen tvil om at 17.mai hentar fram våre mest prisverdige eigenskapar, og styrkjer nasjonalkjensla.

Sjølv dei mest ihuga pængemænd og virksomme sjæler vert ømme om hjarterota, og kan ane smaken av lollipop og pæreis, ved lyden salig-salig.

Politiet har ingen kommentar.






Lillejord Bruk forsvunde frå Deknepollen!


Siste nytt i forsvinningssaken om Lillejord Bruk i Deknepollen er at eit ondt skjell har forminska og svelgt heile anlegget.
Politiet jobbar intenst med informasjonssanking rundt det brennheite mysteriet rundt det vekkomne gardsbruket.
Tvilen rådar hos mange, men det verkar likevel for å være den rimelegaste løysinga at dette ondsinna skjellet skal ha forbarma seg over ovennevnte bedrift.
Fleire busslaster med tyske turistar har inntatt området og mange hevdar å oppleve ein sjeldan ro akkurat i det området der gardsbruket tidlegare stod oppført.
- For oss er dette eit teikn frå Gud, eit slags midlertidig tempel. Uttrykker Gerhard Klein ydmykt.
- Ingen av oss har nokon gong vore borti liknande. Det einaste som kan ha vore i nærleiken må ha vore då Tsjernobyl gjekk i grisen. Tilføyer storbonden.

Nybakt kakse!

Kaka frå Bagn i Valdres vann over tre millionar kroner i Lotto. No vil han kjøpe seg ny bil!

- Eg ska' no kjøpe meg nye bil ja, ein skikkeleg kakse-bil, gliser den fullstendig latterlege 19-åringen som i dag køyrer rundt i ein patetisk Volvo 240 frå nittenhundreogbæsj.

Til dagleg er Kaka lastebil-lærling hos Valdres anlegg. No vil han be om ei veke fri frå opplæringa for å sjå seg om etter ny bil. Men å slutte å køyre lastebil har han ingen planar om:

- Da kan eg ikkje. Da verte da ikkje penga av!

(Foto: Familien Haaland)

Tilstandsrapport frå Bomstadbaden Camping:




































Fredag 7. juli innviet vi vogna. Turen gikk til Sverige og Bomstadbaden camping ved Karlstad. På lørdag kom tre familier til, og på søndag enda en, og "norsk bygdetun" ble opprettet. Ungene storkoste seg. Den store sommervarmen glimtet med sitt fravær, men vi fikk alikevel to halve dager på stranda. Rakk å grille gjorde vi også, mellom regnskurene. Sosialt var det iallefall og det frister til gjentakelse.

Bitter kamp om rettighetane til The Voice








































Familiane til desse tre karane med makt kjempar seg imylljå om rettighetane til det verdsomspennande fenomenet The Voice.
For nyleg til(års)komne lesarar kan vi fortelje at The Voice i lengre tid har vore det best synlege eksempelet på menneskeleg utvikling. Homo Sapiens Sapiens er eit tilbakelagt kapittel, og vi ynskjer velkomen den nye arten av spontansnakkande voice-overs, nemleg: Homo Rogerius Runikuks.
Den nye, for mange ukjende, linja av menneske har alt utmerka seg ved å inneha urovekkande mange styreverv og styrehus. Slik har dei allereie etablert ein solid plattform for vidare forkynning av læra. Fri-voicarane stemmer gjerne i ein alvarleg allsong, om naudsynt.
Politiet har ingenting nytt å melde. Høgst sannsynleg er samtlege etatar og traktatar godt innrøykte av stormannsgale fri-voicarar.
Takk til Bomstadbaden Camping for finansiell støtte til utarbeiding av denne artikkelen.

Pris for beste design!


Den velkjende lokalkaksen Norvall Nøysomhet har i all hemmelighet utvikla ein fortryllande snødress for hundar.

Produktet har motteke ei lang rekke motbydelege prisar, og vert spådd ei lysande framtid.

Kjippen i Florø var blant anna inspirert av dette snødresstemaet, og brukshundklubbar frå heile landet deltok med sine små, kjærleg utrusta.

Kara med makt har forsøkt å tjuvpatentere dette tvers gjønå geniale produktet.

Sjef for Blommenholm skisenter peikar på dei åpenbare estetiske verdiane ved dressane:

- Det er vel ingen tvil om at det vil bli trivlegare å være i skibakkar over heile landet når ein kan la blikket kvile på ein av desse små velkledde hundebeista?

Politiet har motteke fleire telefonar frå opprørde foreldre som fortel om episodar der ungar og hundar ikkje har kome godt overeins på tross av like snødressar.

Jeff "brilleulven" Wolf forfatta nyleg ein artikkel i det transnasjonale kukmagasinet Swinging Cocks in The Sky, som omhandlar Dalsfjordbruas penisforlengande effekt for askvollingar generelt (red.anm. også trykt i hans endå rykande ferske sjølvbiografi Old Men Forget).

Brilleulven har tidlegare vore frampå å kommentert fraktratene for juice sett i forhold til internasjonal brieproduksjon.

Miljøarbeidar ved Statoil Mongstad har følgande å seie til dette:

- Det er eit fæla styr! Eg er mektig lei av alt oppstyret rundt Mongstad-anlegget si briesatsing. Her prøvar vi oppriktig å gjere noko bra for lokalsamfunnet, i form av pestorensing av sjøen rundt Eivindvik, samt stimulere til ytterleggåande kjøpekraft i Kukland. Det er eit fæla styr! Og han røøøde diiinken The Wolf With The Glasses...han kan gå å knulle seg sjølv.

Politiet såg seg nøydde til å sette den fæla fyren i arresten då han var ute av stand til å ta vare på seg sjølv. I arresten satt allereie "Kaka" og ein fæla liiiten støvsugande fyr.

- Framsteg! utbraut Arne Friborg på vei inn i Tinghuset. Friborg underviser i mikro- og makrosløyd på ad hoc basis, og har i ei årrekke vore tilsett som sjølverklært lekdommar.

- Eg er ein fæla klårsynt type! avsluttar det aldrande frimurar-kukandletet.

Ubodne parkeringsgjestar

Kara med makt laut sjå seg sjølve penetrerte då ein usalige kakse grytte seg inngjønå glasruta på høglys dag, tirsdag 11:02.

Kaka
Eit fenomen ved økenamnet "Kaka" sat bak rattet, og ein liten fyr vart samstundes sett støvsugande i baksetet. Det heile er enno noko uklart. Politiet har oppretta sak.

Fleire augevitner har kommentert at det var som om det heile var akkompagnert av Miles Davis' Time After Time.

Ganske roleg
Forbipasserande publikum melder vidare at det heile såg til å gå stille og roleg føre seg, men at der var mykje glasbrot i vegbana.

Forøvrig såg politiet seg nødde til å sette både sjåfør og støvsugar i arresten då dei var tilsynelatande ute av stand til å ta vare på seg sjølve.

Taxifrakkjen vil ha sexdrosjer i Førde

Taxifrakkjen ynskjer å utvide drifta med sexdrosjebilar. Han vil starte skysstasjon sentralt i Førde, og meiner han kan få meir flyt i aksen Førde-Bringeland-Høyanger.

Satsar tverrkommunalt
Taxifrakkjen har i dag omlag 3o bilar med stort og smått. No vil han utvide med sexdrosjebilar stasjonert i Førde.

- Eg vil satse på å nå Førde, Gaular, Høyanger og Balestrand med bilane mine. Bringeland og Deknepolljen er sjølvsagt ein del av den nye satsinga, seier Frakkjen.

Han seier at slik stoda er i Førde i dag, med ventetid på opp til tre timar i helgane, så er det ikkje tvil om at det er behov for nye løyver.

- Målet vårt er å gje eit tilbod til folk som ønskjer sexdrosje. Og å gje tilbodet når det er trong for det, der og då, umiddelbar tilfredstillelse, tilføyer Frakkjen.

Klar så snart han får løyve
Frakkjen har stor tru på at han får dei nye løyva, slik behovet i Førde er.

- Eg er klar til å starte på dagen når eg får løyva. Og det har eg tru på at eg får. Eg har bilar, sjåførar, timelister, og lang røynsle i næringa, gliser Frakkjen.

Han legg til at med ein skysstasjon i Førde vil han kunne nytte både sjåførar og bilar på ein endå betre måte enn i dag.

Dagleg leiar i Førde Taxi, Kukfanten Smakago, ynskjer onsdag ettermiddag ikkje å kommentere Taxifrakkjen sitt varsla inntog i sexdrosjenæringa i Førde.

Ein nærgåande fjording kommenterte derimot velvilleg:
- Ein lyte utvide her i Sunnfjord! Da e pikatre ikkje råd å kome inn i!

(Foto: Kara med makt)

Fæla kramkar på hjul...


...med grå krøller, blå nylonpelsjakke og stålbriller satt han i en krok i salongen på M/F «Haram» og studerte et fotoalbum med bilder fra sydlige strøk.

Mäktiga beslut...

Og fra det svimlende himmelhvælv - til noget MEGET mere JORDNÆRT: Balladen om fremtidens KOMMUNALE Danmarkskort begyndte nemlig for alvor i denne uge: 1000-vis af alvorlige mænd med stålbriller og mørke jakkesæt har diskuteret - og der har allerede været megen SNAK om nye kommunegrænser, størrelser og økonomi. Hvad der derimod ENDNU IKKE har været talt så meget om, er, hvad BORGERNE egentlig FÅR for de milliarder af kommunale skattekroner, der inddrives hvert år. Nu viser et rundspørge, at de kommunale chefer er endog MEGET I TVIVL om, hvor EFFEKTIVT pengene bruges.... Social- ministeriet har netop sat 25 millioner kroner af til forskning i den sociale indsats i de kommende fire år.

Fastelavnsklar pike søker kræm og melis...og ei liiita siiil...og ein fæla fyr.